Trusopplæringskurs for vaksne

Er du nysgjerrig på kristen tru? Vil du vite meir? Trusopplæringskurs for vaksne. Gjennom foredrag og samtalar utforskar vi sentrale tema i kristendommen. 6 kveldar denne hausten med oppstart 9. september i Landro kyrkje kl. 19.00.

Trusopplæringskurs for vaksne

Kven er Gud? Kva er trusinnhaldet i kristendommen? Kva meinast med uttrykk som «skaping», «Frelsar», «oppståda frå dei døde» og «Guds rike»?

I løpet av 6 kveldar vert nokre sentrale sider ved kristendommen belyst. Dette vil vere relevant både for den som har hatt trua lenge, og den som berre er interessert.

Kom som du er, og bli med på ei trusopplæring for vaksne.

Kvar kveld består av eit foredrag og ein gruppesamtale med utgangspunkt i kvelden sitt tema. Enkel servering. Det er gratis å delta. Du kan melde deg på til Bjarte Nese gjennom bn445@kyrkja.no - men det går òg fint å komme utan påmelding

9. september: KVA ER KRISTEN TRU? ved Bjarte Nese

            Kva er poenget med å tru?

            Tru og tvil.

            Tru og livshjelp.

            Bibelen som utgangspunkt for tru.

            Kva seier Bibelen om tru?

            Litt praktisk Bibelbruk.

 

23. september: GUD FADER - SKAPAR OG LIVGJEVAR ved Jan Tommy Fosse

            Gud som skapar og livgjevar.

            Bibelen og skapingsforteljingane.

            Syndefallet og det vonde.

            Kan det finnast ein Gud når det finst vondskap?                 

 

7. oktober: JESUS - ELSKA OG OMSTRIDD ved Knut Kaldestad

            Jesus - sant menneske og sann Gud.

            Når Jesus møter menneske.

            Jesus som forbilde og historisk person.

            Jesus som frelsar.

21. oktober: JESUS - DØD OG OPPSTÅTT ved Knut Kaldestad

            Jesus i Jerusalem/den siste påsken.

            Kva meinast med nåde og forsoning?

            Oppståda frå dei døde og Guds rike.

            Kva vil det sei å følgje Jesus?

 

4. november: DEN HEILAGE ANDE - USYNLEG KRAFTKJELDE ved Espen Tveten

            Guds nærvær i verda gjennom Den heilage Ande.

            Tru som gjev krefter.

            Pinsen - Kyrkja vert stifta - dåp.

            Å seie nei til å tru.     

 

18. november: DU, VI OG LIVET ved Vetle Karlsen Eide og Bjarte Nese

            I teneste for Gud og medmenneske.

            Diakoni og evangelisering.

            Kyrkjelyd og fellesskap.

            Bønn og arbeid.

            Korleis halde fast på trua i kvardagen?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"